Akkreditering for mobilitet
• Erasmus+Akkreditering for mobilitet i Erasmus+ rettar seg mot aktørar som regelmessig ønsker å sende elevar, lærlingar, deltakarar i vaksne si læring, fagskulestudentar eller tilsette på eit læringsopphald i utlandet. Ordninga gir tilgang til finansiering av mobilitetsaktivitetar over lengre tid.
Kven kan søke
Du kan søke om du:
- Er ein offentleg eller privat godkjent barnehage, grunnskule, vidaregåande skule, skule som tilbyr vaksenopplæring eller fagskule.
- Er ein offentleg eller privat barnehage- eller skuleeigar.
- Er ein offentleg organisasjon som jobbar opp mot barnehage og skule.
- Er ein organisasjon som jobbar opp mot fag- og yrkesopplæringa eller vaksne si læring.
- Har tilstrekkeleg med ressursar til å gjennomføre eit Erasmus+-prosjekt.
Spesielt for fagopplæring for vaksne: Prosjekt som skal støtte fagopplæring for vaksne, kan ikkje søke om støtte i sektoren vaksne si læring (ADU), men må søke til fag- og yrkesopplæringa (VET).
Ein søker anten som einskildinstitusjon eller som koordinator av eit konsortium.
Utløpt (norsk tid)
Slik søker du
For å få tilgang til søknadsskjema, treng du ein EU login-brukarkonto. Denne kan du sjølv opprette på ein enkel måte.
Institusjonen eller organisasjonen som søkjer må ha ein eigen organisasjons-ID. Bruk menypunktet «Organisations» i Erasmusportalen til å finne ut om din organisasjon har eit OID-nummer eller for registrering.
Finn søknadsskjema for KA120 – SCH (skule og barnehage), VET (fag og yrkesopplæringa) eller ADU (vaksne si læring) under menypunktet «Opportunities».
Krav til søknaden
Innhald i søknaden
- Her må ein svare på spørsmål om dykkar institusjon eller organisasjon, dykkar målsetningar og korleis de skal bruke mobilitet for å nå desse måla.
- De må òg skrive under på at den praktiske organiseringa vert ivaretatt på ein sikker og hensiktsmessig måte og at de vil bidra til å spreie informasjon om prosjektet båe internt og eksternt. Desse kriteria er spesifisert i Erasmus Quality Standards (PDF).
- Søknaden kan skrivast på norsk.
Slik behandlar vi søknaden
Behandling og vurdering av søknad
- Gyldigheitssjekk: HK-dir sjekkar fyrst at søknaden oppfyller alle formelle kriteria.
- Kvalitetsevaluering: Søknaden vert evaluert etter fastsette kriteria i samarbeid med uavhengige ekspertar. Les om kriteria i programguiden for Erasmus+.
Rapportering og oppfølging
Prosjekta må rapportere på fylgjande i løpet av akkrediteringsperioden:
- Interimrapport: HK-dir vil be om minst ein interimrapport der prosjekta må beskrive framdrift og måloppnåing knytt til Erasmusplanen.
- Rapportering på bruk av midlar
Fristar for interimrapportering og rapportering på bruk av midlar vil varslast i god tid.
- Sluttrapport: Rapport som sendast til HK-dir når perioden utløpar eller dersom akkrediteringa avsluttast i løpet av perioden.